Midtvegs
Midtvegs på livsens ferd eg miste leia.
Eg fann meg att i mørke skogen inne,
og stirde veglaus som på ville heia.
Kor pinefullt det flotnar or mitt minne,
dei døkke kjørr, dei fløkte klungertre!
Ja, berre orda skyt meg skjelv i sinnet,
så dauden knapt kan valde større ve.
Men skal eg skildre gleda eg fekk femne,
må songen all ting truge bera med.
DANTE ALIGHIERI (1265-1321)
fra Den guddommelige kommedie ”Song 1”,
gjendiktet av Henrik Rytter og Sigmund Skard,
Det Norske Samlaget 1972
Sist oppdatert : 27.07.2009 12:18:28
Skriv ut